Porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap har hatt første møte
Det nye porteføljestyret vedtok å lyse ut til saman 495 millionar kroner i 2026. Dei første midlane er allereie tilgjengelege gjennom ordningane Nærings-ph.d. og Offentlig sektor-ph.d.
Regjeringa ønskjer meir sivilt-militært forskingssamarbeid. Målet er at kompetansen i det sivile forskingssystemet i større grad skal komme til nytte innanfor forsvar, tryggleik og beredskap og å utnytte moglegheitene som ligg i sivilt-militært forskingssamarbeid.
Satsinga har tre overordna spor som følgjer dei tre strategiske hovudprioriteringane i nasjonal sikkerheitsstrategi.
Desse er
- å styrkje forsvarsevna
- å gjere samfunnet meir motstandsdyktig
- styrkje Noregs økonomiske sikkeheit
Det nye porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap skal forvalte portefølja og hadde sitt første møte i februar 2026.
På det første møtet vedtok porteføljestyret å lyse ut til saman 495 millionar kroner i 2026 til
- forskingssenter for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap (400 mill. kroner)
- forskingsstyrte prosjekt for eit meir datadrive forsvar (81,8 mill. kroner)
- doktorgradsprosjekt i bedrifter og i offentleg sektor (11,5 mill. kroner)
- arrangementsstøtte (inntil 2 mill. kroner)
Last ned presentasjonen frå møtet Forskingrådet hadde i mars om dei kommande utlysingane (blir opna i eit eige vindauge).
Følg med på informasjonssidene for porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap og abonner på nyheitsbrevet vårt for meir informasjon.
Det er sett ned eit arbeidsutval blant medlemmene i porteføljestyret, som skal utarbeide forslag til porteføljeplan. Planen skal diskuterast på neste møte i juni og godkjennast av Forskingsrådets styre i løpet av hausten. Forskingsrådet vil halde eit ope digitalt innspelsmøte om planen i august 2026.
Midlar til nærings-ph.d.- og offentleg sektor-ph.d.-ordningane
Dei første midlane er allereie tilgjengelege gjennom ordningane Nærings- og Offentlig sektor-ph.d. Formålet med Nærings-ph-d.- og Offentlig sektor-ph.d.-ordningane er å styrkje forskningsdriven innovasjon og å bidra til langsiktig kompetansebygging i norsk næringsliv og i offentleg sektor.
Forskingsrådet kan finansiere til saman fem doktorgradsprosjekt som bidreg til kunnskapsutvikling for å styrkje forsvarsevne, sikkeheit og beredskap, og som kan styrkje sivilt-militært forskings- og innovasjonssamarbeid. Prosjekta må bidra til minst ein av dei tre strategiske hovudprioriteringane i nasjonal sikkerheitsstrategi (blir opna i nytt vindauge).
Årets utlysingar opna for søknader i januar og har løpande søknadsmottak og løpande søkandsbehandling.
Her finn du dei to utlysingane:
Meldinger ved utskriftstidspunkt 28. april 2026, kl. 20.07 CEST
Viktig varsel
Til utlysingane med søknadsfrist 29. april kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 måndag 27. april og tysdag 28. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 29. april kl. 08.00–13.00.